Norsk Kvernsteinsenter

Foto av Kim Søderstrøm og Jørgen Magnus © Riksantikvaren

Hyllestad

Her finn du historia om den eldste kvernsteinsindustrien i Noreg; – i fylgje arkeologiske granskingar heilt attende til vikingtida ca. 700 år e.Kr.

“Hewn From the Edge” av M Hillier | CC BY 2.0

Kvernsteinsoga tek form

Normal 0

Foto av Kim Søderstrøm og Jørgen Magnus © Riksantikvaren

Her finn du "Livets steinar”

Kvernsteinbrota i Hyllestad er eit nasjonalt kulturminne. Gjennom hundrevis av år, truleg heilt frå kring 700 e. Kr., fram til aktiviteten ebba ut i siste halvdel av 1800-talet, var det kvernstein-hogging i stort omfang i Hyllestad.

Foto av Magnar Solbakk

Skomosjøen i Brønnøy

Kvernsteinsproduksjonen i Brønnøy skil seg frå dei andre store steinbrotområda i landet ved at emna vart tatt så og seie utelukkande frå steinurer.

Foto av Torbjørn Løland

Saltdal

Saltdal er blant dei viktige områda for kvernsteinsbrot i Noreg, sjølv om produksjonen her truleg var mykje mindre enn i Selbu og Hyllestad.

Foto av Astrid Waage

Kvernsteinparken i Hyllestad

I Hyllestad har det vore produsert kvernsteinar i minst 1300 år. Dei eldste steinbrota er frå vikingtida eller før, og den siste kvernsteinen vart brutt ut av fjellet i 1929.

Foto av Terje Eilertsen

Vågå

Tolstadkvennberget ved Lalm i Vågå er blant dei større kvernsteinsbrotområda i landet.

Foto av Terje Eilertsen

Høgfjellet i Selbu

Kvernsteinsdrifta i Selbufjella starta truleg på 1500-tallet og føregjekk fram til 1914.

Her finn du "Livets steinar”

Del

Kvernsteinbrota i Hyllestad er eit nasjonalt kulturminne. Gjennom hundrevis av år, truleg heilt frå kring 700 e. Kr., fram til aktiviteten ebba ut i siste halvdel av 1800-talet, var det kvernstein-hogging i stort omfang i Hyllestad. Kvernstein til handkverner, vasskverner og bygdemøller.

 

Storleiken varierte frå 30 til 140 cm. Andre produkt av granatglimmerskiferen var m.a. steinkrossar, ljoresteinar, kistelok og drikkekar av stein.

 

Vi ser kanskje for oss skjeggete og brokaslitne husmenn og gardmenn som sat og meisla ut store og små kvernstein, særleg på Rønset, Berge og Myklebust. Utskiping av steinen gjekk med sognejekter, femkeipingar og andre høvelege båtar frå t.d. Otringsneset og Myklebustneset til Bjørgvin og vidare ut i verda. Truleg hadde vikingane på landnåmsferd i vester- og austerveg handkverner med både til Færøyane, Island og vidare til Vinland, ja, kanskje også til Gardarike og Holmgard (Russland).

I Kvernsteinparken vil ein freiste å formidle kunnskap om denne særeigne bergverkstradisjonen: om råstoffet, omfanget av aktiviteten, drifta, arbeidsteknikk, verktøybruk, transportmåtar og utskiping av steinprodukta. Handverksregisteret på Maihaugen har ved film og skriftleg materiale også dokumentert kvernsteinhogginga i Hyllestad for ettertida. Ei havarert skipslast med kvernstein, funnen i Alverstraumen i 1990, er heimført til Hyllestad. Delar av lasta er utstilt her i informasjonsbua.

For Hyllestad vil den gamle steinindustrien stå sentralt, og han vil liggje i botn for profilering av andre kulturhistoriske minner i kommunen og distriktet. Her kan nemnast ”Den trondhjemske postvei”, kvernhusa i Skor, og den vakre naturen som finst, ikkje minst det særmerkte og majestetiske fjellet, Lihesten.