Norsk Kvernsteinsenter

Ein nasjonal kulturskatt

Del

Kvernsteinlandskapa er mellom dei største og best bevarte kulturminna våre. Likevel har dei vore gløymde i mange år. Det vil Norsk Kvernsteinsenter gjere noko med. 

Alle veit kva ein kvernstein er. Vi kan fnne dei overalt, som hagebord, utstilte på gardsplassen, mura inn i låvemuren eller stikkande opp av bekken lene etter at kvernhuset har forsvunne. Vi kan undre oss over det høgverdige handverket bak framstillinga av kvar einskild kvernstein, og veit intuitivt at kvernsteinen har vore viktig i historia til mennesket, for tilverkinga av det daglege brødet.


Fram til nyleg har forteljingane om kvernsteinar i Noreg vore gløymde og gøymdre. Først no, eit par generasjonar etter den siste kvernsteinen vart hoggen ut av fjellet, ser vi ei ny interesse for landskap og kulturminne skapt av kvernsteinproduksjon gjennom årtusen.

Store og små industrilandskap speglar av ulike historiske periodar, eller har vore i bruk kontinuerleg frå vikingtida til mellomkrigstida. Kvernsteinbrota i Hyllestad tek til å bli godt kjende som eit industrilandskap frå vikingtid og mellomalder. Kvernsteinar frå Hyllestad blei viktige handelsvarer som nådde langt utover landegrensene. Fleire hundre år seinare var det produksjonen i Selbu som dominerte, noko meir enn tusen kvernsteinbrot høgt oppe i gjellet vitnar om. Men også andre kvernsteinbrot hadde betydeleg produksjon opp gjennom tidene, slike som i Saltdal, Brønnøy og Vågå. I tillegg finst mange fleire kvernsteinbrot rundt om i landet som berre så vidt har begynt å komme ut av gløymsla sitt slør.