Norsk Kvernsteinsenter

Her finn du "Livets steinar”

Del

Kvernsteinbrota i Hyllestad er eit nasjonalt kulturminne. Gjennom hundrevis av år, truleg heilt frå kring 700 e. Kr., fram til aktiviteten ebba ut i siste halvdel av 1800-talet, var det kvernstein-hogging i stort omfang i Hyllestad. Kvernstein til handkverner, vasskverner og bygdemøller.

 

Storleiken varierte frå 30 til 140 cm. Andre produkt av granatglimmerskiferen var m.a. steinkrossar, ljoresteinar, kistelok og drikkekar av stein.

 

Vi ser kanskje for oss skjeggete og brokaslitne husmenn og gardmenn som sat og meisla ut store og små kvernstein, særleg på Rønset, Berge og Myklebust. Utskiping av steinen gjekk med sognejekter, femkeipingar og andre høvelege båtar frå t.d. Otringsneset og Myklebustneset til Bjørgvin og vidare ut i verda. Truleg hadde vikingane på landnåmsferd i vester- og austerveg handkverner med både til Færøyane, Island og vidare til Vinland, ja, kanskje også til Gardarike og Holmgard (Russland).

I Kvernsteinparken vil ein freiste å formidle kunnskap om denne særeigne bergverkstradisjonen: om råstoffet, omfanget av aktiviteten, drifta, arbeidsteknikk, verktøybruk, transportmåtar og utskiping av steinprodukta. Handverksregisteret på Maihaugen har ved film og skriftleg materiale også dokumentert kvernsteinhogginga i Hyllestad for ettertida. Ei havarert skipslast med kvernstein, funnen i Alverstraumen i 1990, er heimført til Hyllestad. Delar av lasta er utstilt her i informasjonsbua.

For Hyllestad vil den gamle steinindustrien stå sentralt, og han vil liggje i botn for profilering av andre kulturhistoriske minner i kommunen og distriktet. Her kan nemnast ”Den trondhjemske postvei”, kvernhusa i Skor, og den vakre naturen som finst, ikkje minst det særmerkte og majestetiske fjellet, Lihesten.