Norsk Kvernsteinsenter

Åfjordsteinen

Del

Her finn du historia om den eldste kvernsteinsindustrien i Noreg;
– i fylgje arkeologiske granskingar heilt attende til vikingtida ca. 700 år e.Kr.

Avslagshaugar av sundbrotne og mislukka kvernsteinar, og merkje etter hogging i bergvegger, fortel om ”storindustri”. Med sine omlag 20 km² er kvernsteinbrota i Hyllestad eit av landets største fornminne i utstrekning. 

 

Størst aktivitet ser det ut til å ha vore i mellomalderen, frå midten av 1000-talet til ut på 1300-talet, for så å ebbe ut på 1800-talet.

Det er ein bergart med kyanittførande granatglimmerskifer som gjorde kvernsteinen, kalla Åfjordstein, eller Hyllestadstein, særs veleigna for kornmaling.

Via Bergen vart steinen sendt vide omkring, m.a. til Danmark, Sverige og kontinentet. Havarerte skipslaster viser farleia for utskiping av Hyllestadsteinen. Langt det største funnet (505 kvernsteinar) vart gjort i Alversund i 1990. Men også lenger sør og på Sørlandet er det lokalisert skipslaster med kvernstein frå Hyllestad.

Andre produkt frå Hyllestad var m.a. steinkrossar, ljoresteinar, steinkar, døypefont og gravheller.

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er eit nasjonalt kulturminne. I Kvernsteinparken, som offisielt vart opna av dronning Sonja i 2002, vil ein formidle kunnskap om denne særeigne bergverks-tradisjonen: om råstoffet, omfanget av aktiviteten, drifta, arbeidsteknikk, verktøybruk, transportmåtar og utskiping av steinprodukta. Ein steinhoggarleir vert viktig del av dette. Med alt på plass kan ein snakke om eit Norsk kvernsteinsenter i Hyllestad.