Norsk Kvernsteinsenter

Kvernsteinsoga tek form

Del

Normal 0 21 false false false NO-BOK X-NONE X-NONE /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:"Vanlig tabell"; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; mso-style-noshow:yes; mso-style-priority:99; mso-style-parent:""; mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt; mso-para-margin-top:0cm; mso-para-margin-right:0cm; mso-para-margin-bottom:10.0pt; mso-para-margin-left:0cm; line-height:115%; mso-pagination:widow-orphan; font-size:11.0pt; font-family:"Calibri","sans-serif"; mso-ascii-font-family:Calibri; mso-ascii-theme-font:minor-latin; mso-hansi-font-family:Calibri; mso-hansi-theme-font:minor-latin; mso-ansi-language:NO-BOK; mso-fareast-language:EN-US;} Dei siste par ti-åra har ein fått fram meir og meir kunnskap om den norske kvernsteinssoga. Den nyvunne kunnskapen fortel at dimensjonane på drifta har vore langt større enn det som tidlegare har vore kjent. I denne perioden har det vore gjort viktig forskingsarbeid både på produksjon, transport og marknad som har kasta lys over kvernsteinsdrifta.

 

 


Produksjonsområdet
I 1995/96 vart det gjennomført eit forprosjekt som skulle vurdere grunnlag og føresetnader for etablering av eit museum basert på den unike kvernsteinstradisjonen i kommunen. Tove Rønneseth var tilsett som prosjektleiar. I dette forprosjektet vart det gjennomført registreringar og kartfesting av 21 kvernsteinsbrot, frå Skor i aust til Åsmul i vest.Kvernsteinberga kan mest likne måleri, som her på Otringsneset. Foto: Astrid Waage

Det hadde tidlegare vore gjort sporadisk registrering av kvernsteinsbrot i Hyllestad, av framfor nemnde agrohistorikar Ottar Rønneseth, såkalla Fornminneregistrering og Historisk Museum, først og fremst på Myklebust og Rønset.

I 2001 leverte Irene Baug ei hovudfagsoppgåve i arkeologi: ”Kvernsteinsbrota i Hyllestad”, ”Arkeologiske punktundersøkingar

Om utstrekninga av kvernsteinsområde slår ho fast: Kvernsteinsbrota i Hyllestad i Sogn og Fjordane er truleg eit av landets største fornminne i utstrekning. Her er det i eit område på over 27 kvadratkilometer registrert godt over hundre kvernsteinsbrot.


Tidsdimensjonen
Arkeologiske undersøkingar i steinbrotsområdet viser at utvinninga går tilbake til yngre jernalder, til ca. 700-talet. Allereie før vikingtid vart det altså hogd kvernstein her. Det er likevel i tida frå 1000-talet og fram til 1300-talet som er perioden med størst aktivitet i dei eldste steinbrota, sjølv om det også har vore ein viss produksjon heilt fram til 1500-1600-talet. I nyare tid veit vi som nemnt at utvinninga gjekk føre seg med krut, og denne produksjonen heldt fram heilt til rundt 1930. Det har altså vore samanhengande produksjon av kvernstein i Hyllestad i godt over 1000 år.


Volum og mengde utteken stein
Det er teke ut store mengder kvernstein, og det er uråd å rekne ut omfanget av kvernsteinsproduksjonen ved dei enkelte kvernsteinsbrota. I nokre brot ser store berg ut til å vere hogd vekk. Dette er sannsynlegvis ikkje eineståande, snarare regelen, og gjeld for tre av dei fire undersøkte steinbrotsområda. Unntaket er steinbrotet på Sæsol.

Ein kan slå fast at kvernsteinsbrota i Hyllestad representerer eit av dei største kulturminna i landet når det gjeld geografisk utbreiing. Drifta har gått føre seg Hyllestad har ein mangslungen  geologi. Granatglimmerfeltet  ligg som ein boge kring Åfjordenmeir eller mindre samanhengande i 1000 år. Mange stader er kulturlandskapet fullstendig omforma av det store volumet på uttaket. I tillegg til kvernstein, som har vore den største produksjonsartikkelen, har det og vore hogd andre produkt i granatglimmerskifer, både krossar, ljoresteinar, steinkar, døypefont og gravheller. Av dei 40 registrerte krossane på Vestlandet skal 23 ha kome frå Hyllestad.

Fritt sitert har Johs. B. Thue sagt ein gong at kvernstein er handtverket, men krossane er kunstverket.

I arbeidet framover må ein setje sterkare fokus på dei store steinkrossane. Desse har vore synlege trus- og landemerkje langs vestlandskysten i 1000 år, og er sterkt festa i folks medvit.


Transporten – forliste skipslaster
Tidleg på 1990-talet vart det lokalisert ei forlist skipslast med kvernstein i Alverstraumen. Lasta vart identifisert som stein frå Hyllestad, og vart etter avtale mellom Bergen Sjøfartsmuseum og Hyllestad kommune heva og deponert
Hyllestad i 1991. Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum har skrive om lasta i artikkelen ”Kverna som maler på havets bunn” i Sjøfartshistorisk årbok for 1991.

 Det er lokalisert i alt 4 forliste laster med identifisert åfjordstein langs norskekysten. Desse ligg som perler på ei snor langs kysten mellom Hyllestad og Grimstad (Jfr. Irene Baug: Kvernsteinsbrota i Hyllestad):
Alverstraumen: 505 stein (4 vasskvernstein) Bukken i Sund kommune: 51 stein (1 vasskvernstein) Leiaskjæret ved Kvitsøy: 40 stein (12 –13 vasskvernstein) Håøya ved Grimstad: 80 stein (3 vasskvernstein). Dette kan vitne om stor og organisert utførsle av kvernstein til ein marknad som etter alt å dømme kunne ligge langt unna Hyllestad.


Marknaden
I 1997 skreiv dei to svenske arkeologane Peter Carelli og Peter Kresten artikkelen ”GIVE US THIS DAY OUR DAILY BREAD ” Artikkelen hadde undertittel: ”A Study of Late Viking Age and Medieval Quernstones in South Scandinavia” og var publisert i Acta Archaeologica – København.

I artikkelen skisserer dei tre eller fire ”kvernsteinsregionar” i Sør-Skandinavia i sein vikingtid/ mellomalder, alt etter kva type stein som dominerte i dei funna som var gjort:

 

  • Basaltstein frå Mayen i det sør- og vestlege danske området,
  • åfjordstein i det nord- og austlege danske området og
  • stein frå Malung i sør-austlege svenske området.
  • Eit lite avgrensa område rundt Lugnås i Sverige var lokalforsynt, og kan sjåast på som ein 4. region.

 
I mellomalderbyen Lund utgjorde Åfjordsteinen 90% av kvernstein og kvernsteinsfragment som inngjekk i funna. Undersøkinga var banebrytande med omsyn til å skaffe kunnskap om marknaden for, og utbreiing av åfjordsteinen. Klikk her.

Forskinga som er gjort på 1990-talet og fram til no, viser at det har gått føre seg ein aktivitet innanfor steinhogging i Hyllestad frå før vikingtid og heilt fram til tidleg på 1900-talet, som berre synes å verte større og meir omfattande etter kvart som ein vinn ny kunnskap.

Ein må ha ambisjonar om å halde kvernsteinsdrifta i Hyllestad på den forskingspolitiske dagsorden i lang tid framover. Likevel veit ein allereie no at kvernsteinsbrota i Hyllestad er eit av dei største fornminna i landet, i utstrekning.

  • områda er eit av dei største historiske steinbrotsområde i landet
  • ein har handtverkstradisjonen levande, og kan føre denne immaterielle delen av kulturminnet vidare.
  • det har vore meir eller mindre kontinuerleg drift i kvernsteinsbrota i meir enn 1000 år
  • åfjordsteinen vart distribuert til ein marknad som strekkjer seg frå Island til Baltikum, og nedover i Europa.
  • godt over halvparten av steinkrossane på vestlandskysten er hogde i Hyllestad.