Norsk Kvernsteinsenter

Undervegs i kvernsteinseventyret

Del

Gjennom generasjonar har folk i Hyllestad undra seg over små og store kvernsteinar som har dukka opp gjennom torv og grastustar. For ungar i leik kunne funnstadar vere forvitneleg nok. Enkelte soger vart fortalde, ja, om gøymde skattar.

 

I 1865 fann ein liten gut nokre merkelege myntar i ei elvesitle på garden Gjerde. Som ein eventyrsti buktar kvernsteinsoga seg gjennom tett lauvskog. Foto: Lars Nes

På Rønsetholmen skulle det vore gøymd ein skatt. Sokneprest Thor A. Åberg nemnde endå til skatten i Kallsboka: Et hink og et hank og et ulvebyks frå steinen…. Hvilken stein, det er spørsmålet…. Mange, både born og vaksne, har nok hinka og hoppa til inga nytte. Kvernsteinsoga har vore ei attgløyme, ventande på ei openberring.

Ottar Rønneseth, som vaks opp midt i det rike hogstområde for kvernstein på Rønset, ikkje berre undra seg, men gjekk inn i materien og kom med interessante teoriar, som dei seinste åra i store trekk er stadfesta. Granskingsresultata hans vart fyrst prenta i eit tysk tidsskrift i 1968 (Das Zentrum der ältesten Mühlsteinindustrie in Norwegen. Studien zur europäischen Vor- und Frühgeschichte). Eit utdrag vart i 1977 prenta ”Sogeskrift frå Hyllestad”, og mange bygdefolk sperra augo opp.

 

På Otringsneset er det i berget pikka fortøyingshol for båtar som henta kvernsteinslaster. Foto: Lars Nes