Norsk Kvernsteinsenter

Kverna som sviv og mel

Del

 Tekst: Ingemar Nordstrand.

Skissa viser  tverssnitt  av ei vasskvern.

Gjennom tidene har menneska vore oppfinnsame for å få knust og kverna korn til mat og malt til ølbrygging. Kornet vart kalla ”Gudslånet”. Bygg og havre vart til graut og brød som var viktig kost i vikingtida og mellomalderen. Gulatingslova påla folk å bryggje øl, som var rekna som kosttilskot. Bygg var såleis nærast heilagt korn. Det er funne roterande handkverner i nordiske buplassar frå ca. 4-500 år e.Kr.

Bibelen omtalar korn og maling. Kornmalingsutstyr var livsviktig og i 5. Mos. 24,6 vert det slege fast at ingen må ta ei handkvern, eller kvernstein i pant, for då tek dei livsgrunnlaget frå folk.

Det var mest kvinnene som i gamal tid stod for kornknusinga med skubbekverna, og seinare handkverna, som kunne vere tung å hanskast med. Utover i mellomalderen tok vasskverna etterkvart over og letta arbeidet. Dei karakteristiske kvernhusa fanst i mest kvar bekkesildre, ofte med vassdemning eller dytting langt oppe i liene for å sikre kvernvatn. No fekk kornmalinga status og mannfolka overtok arbeidet, som vart ei viktig sosial samkome, ikkje minst då maltet til julølet, eller til familiesamlingar som t.d. bryllaup og gravøl, skulle knusast.

Folketrua knytte underjordiske vetter som kvernknurr, fossegrimen, eller nøkken til fossedur og lyden av malande kverner. Fossegrimen lærde spelemennene dei finaste slåttane. Ein måtte hugse på å gje dei underjordiske nokre nevar med mjøl, eller eit spekekjøtlår, elles kunne kverna stanse på uforståeleg vis.


 

Kvernhus i Skor. Foto: Astrid Waage
 

I Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet, ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag, som alle er restaurerte og verksame.

Saman med ”Den trondhjemske postvei”, Skors Naturreservat og det restaurerte skulehuset, utgjer dette eit interessant og unikt kulturhistorisk miljø for grenda, kommunen og distriktet.