Norsk Kvernsteinsenter

Hogging av kvernstein

Del

Granatglimmerskiferen som går i ein boge kring Åfjorden, har eit islett av harde mineralar av granatar og kyanitt som gjer bergarten godt eigna for kvernsteinproduksjon. Men stein-emna var ikkje lette å løyse frå berget. Merkje i berget og mislukka steinar i avslagdungane fortel om mykje svinn.

Bilete av korleis kvernstein vart løyst frå berg

 

Uferdige og attståande steinar i berget fortel at kvernsteinane vart forma direkte på bergveggen og at dei meisla og hogg noko lengre inn enn tjukna på kvernsteinen. Ved steinrota hogg dei tett med hol og slo så vekselvis
med hamar og jarn mot hola til steinen losna. Gjennom åra utvikla dei høveleg reiskap (m.a. hamrar, jernkilar, eller trekilar med jernskoning, meislar, hogg- og bendejarn) og effektive og praktiske teknikkar.
Innføringa av krutet førde til lettare og radikalt endre framgangsmåte. Då vart kvernsteinen hogd ut av steinblokker, sprengde or fjellet med svartkrut.




Hoggstadane låg relativt nær sjøen og dermed var transporten til marknaden enkel. Fram til omlastingsplassen t.d. Otringsneset på Rønset, eller Myklebustneset vart steinen frakta med ein slags slede, kalla kvennakvist. Det er påvist merkje i terrenget både på Berge og i Stigedalen der slik transport har gått føre seg. Både jekter og mindre båtar vart nytta. På Otringsneset kan fråstanden mellom fortøyingsmerkje tyda på at m.a. båtar på storleik med åttring og femkeiping kan ha vore vanlege. Åttringar kunne ta 20-30 kvernsteinar, alt etter storleiken. Om bord vart kvernsteinane stabla med steinpinnar mellom som stabiliserande strø.

 

Med ein slik slede, kalla kvennakvist, vart kvernsteinar frakta frå hoggstaden til stabelplass ved sjøen. Foto: Ingemar Nordstrand

   Spor etter hoggestadar fins mange stadar kring Åfjorden.  Foto: Lars Nes