Norsk Kvernsteinsenter

Norsk kvernsteinshistorie

Del

Kvernsteinlandskapa speglar den historiske utviklinga. Nokre representerer eit glimt inn i ei bestemt tid, andre viser oss nesten halvanna tusen års utvikling.
Difor er dei alle unike.

Kvernsteinar frå Selbu på lager i TrondheimI tidleg jarnalder blei skubbekverna gradvis avløyst av dreiekverna. Dette var eit samanhøyrande par av to tilhogne kvernsteinar med rundt omriss, der ein overstein (lauparen) blei dreia med handkraft over ein understein (liggaren) som låg i ro.

Ved slutten av vikingtida eller byrjinga av mellomalderen begynte vi å ta i bruk vasskverna, der oversteinen blei driven med vasskraft frå ein bekk. Mens dei gamle dreiekvernene måtte vere små for å kunne dreiast med handkraft, hadde vasskverna nok kraft til å handtere større steinar som roterte med større fart, slik at kornmalinga blei mykje meir effektiv.

Etter kvart overtok bygdemøller der bøndene kunne få male kornet sitt mot betaling. Bygdemøllene var større og hadde meir avanserte drivverk, og dei klarte å drive endå større kvernsteinar. Omkring midten av 1800-talet blei mølleverksemda modernisert med store handelsmøller som sjølve kjøpte opp korn og sto for salet av mjøl. Starten på slutten for naturlege kvernsteinar kom med den industrielle valsemølleteknologien, som blei teken i bruk rundt 1880 saman med meir bruk av støypte steinar. Og omkring 1910 var det så godt som slutt på kvernsteinsbrytinga i Noreg.