Norsk Kvernsteinsenter

Myntfunn på Gjerdegarden

Del

Tekst: Ingemar Nordstrand:

Våren 1865 vart det funne over 90 utanlandske myntar i Hyllestad, storparten på garden Gjerde. Det var ikkje uvanleg med bytehandel i vikingtida, men truleg vart også reie pengar og edelt metall nytta. Myntfunnet på garden Gjerde kan vere døme på det, og er knytt opp mot kvernsteinhandelen. Det skal vere det største myntfunnet frå vikingtida mellom Rogaland og Møre.



 Arkeolog Svein H. Gullbekk, Kulturhistorisk Museum, UiO, uttalar m.a.: ”Gjerdeskattens
myntsammensetning peker i retning av handel med kjøpmenn fra sørlige strøk der både tyske og angelsaksisk mynt var vanlig. I hvilken grad det var fremmede kjøpmenn som besøkte Hyllestad eller hyllestadværingar som vendte hjem med fremmede myntslag er vanskelig å avgjøre, men det var vel helst det siste. Det er nærliggende å se handel med lokal kvernstein som en mulighet for å skaffe sølv på 1000- tallet.

Gjerdemyntane, mange av dei slitne og utydelege av elde og bruk, var engelske, danske,
 tyske og kufiske (arabisk), og prega i tidsrommet 936- 1051.

I boka ”Livets steinar” reknar Johs. B. Thue opp dei kjende myntane, 15 typar, til saman 40 stykker. Dei andre var ”saa forslidte at de ei lod sig bestemme” heiter det i protokollen til Videnskaps-Selskabet i 1865. Gjerdemyntane var så spesielle at dei alt i 1865
vart avbilda på fotografiske plater. Meir om Gjerdefunnet i artikkel (pdf.) av Svein H. Gullbekk her

Kanskje også segna om skatten på Rønsetholmen stammar frå kvernsteinproduksjonen. Denne skatten kan finnast slik: Frå restane av ein mur på holmen, eller ein spesiell stein, skal du ta eit hink og eit hank, eit spring og eit sprang, og så eit ulvebyks…. Sokneprest Thor Åberg (1921-29) har endå til nemnt segna i Kallsboka, og at en kjendt mand i Hyllestad kom i 1850-årene i besiddelse af rigdom, men ingen visste hvorledes.

Men kanskje skatten på Rønsetholmen ligg der enno?