Norsk Kvernsteinsenter

Steinkrossar

Del

Frittståande steinkrossar ser ut til å vere eit vestlandsfenomen. 40 steinkrossar på Vestlandet frå yngre jernalder og mellomalder er tekne vare på. Av desse har 21 stått eller står i Sogn og Fjordane, 3 i Hordaland og 16 i Rogaland.

Av dei 40 registrerte krossane, ser 23 ut til å vere produserte i granatglimmerskifer frå steinbrota i Hyllestad. 17 av dei fins kringom i Sogn og Fjordane, 3 i Rogaland og 3 på museum.

Det var ikkje ein bestemt  type steinkrossar som vart produsert i Hyllestad. Krossane varierer både i form og storleik. Krossen på Kvitsøy i Rogaland  er den største blant dei som framleis  står.  Det er ein keltisk- eller irskpåverka kross som er litt over fire meter over bakkenivå.

Krossen i Korsundet er så vidt under fire meter høg, og er anglisk- eller britiskpåverka. I tillegg til desse to fins det fleire store krossar frå Hyllestad, både i Rogaland og i Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei store frittståande krossane, fins det ei rekkje mindre kyrkjegardskrossar som skal vere hogde i granatglimmerskifer frå Hyllestad. Dei aller fleste av desse finn ein i Sogn og Fjordane.

Gjennom handelskontaktar og vikingferder kom folk frå Vestlandet i kontakt med kristne område. Dei har såleis kjent til krossteiknet som eit kristen symbol alt i vikingtida, før kristendommen vart innført her i landet.

Krossen på Kvitsøy. Foto av Per Bygnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Arkeologiske funn av steinkrossar

  Sjølv om det ut frå bergarten i krossane kan seiast med nokså stor visse om dei er hogde i Hyllestad, har det inntil for få år sidan ikkje vore påvist  kvar i Hyllestad det har vore produsert krossar. Det var difor litt av ein sensasjon då arkeolog Irene Baug under feltarbeid i 2008 fann restar av i alt sju krossar, av ulik form og storleik.

Krossfragmenta vart funne saman med skrota handkvernsteinar i eit brotområde nokre hundre meter frå Kvernsteinsparken. At dei vart funne saman med kvernsteinar tyder på at den same steinhoggar-kompetansen vart utnytta både til hogging av kvernsteinar og krossar. På den keltiske krossen ved Eivindvik kyrkje er det merke etter kvernsteinhogging på stammen.

Steinbrotet på Hyllestad der krossane vart funne, er den einaste kjende produksjonsstaden for norske steinkrossar.

 

 

                                                               Arkeolog Irene Baug under feltarbeid  i 2008. Foto av Astrid Waage