Norsk Kvernsteinsenter

UNESCO-nominasjon

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er inne på UNESCO si tentative liste for verdsarv! Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim kunngjorde i 2010 at Noreg fremjar kvernsteinsbrota i Hyllestad, Borrehaugane og vikingtidsgravene i Vestfold som kandidatar i ein transnasjonal serienominasjon om arven frå vikingtida.

Brosjyre om Hyllestad si vikingtidsnominasjon til UNESCOs verdsarvliste kan du lese her.

Heile søknaden for Viking Age Sites in Northern Europe finner du her.

 Interimsrådet for vikingnominasjonen på møte i Hyllestad. Her takkar dei elevar frå Hyllestad skule for framifrå omvisning. Foto: Astrid Waage

-Kvernsteinsbrota vitnar om ein storskala produksjon og handel med kvernsteinar i vikingtida, uttaler Riksantikvaren.
Les meir på fylkeskommunen si heimeside
.